Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 21. apr 2026

Geir Pollestad
Geir Pollestad
Senterpartiet·Rogaland

SakMøte torsdag den 21. april 2026 kl. 10

Innlegget

Målet for Senterpartiet er sjølvsagt at Nysnø over tid skal gå med overskot, skapa arbeidsplassar og bidra til nye bedrifter, men òg bidra til å kutta klimagassutslepp. Det er eit uttrykk der det heiter at du skal høyra mykje før øyra dett av, og då eg høyrde på innlegget til KrF, begynte det iallfall å skrangla ganske kraftig i øyra mine, for det verkar som KrF slit litt med å laga næringspolitikk ut av sin nyliberale antiwoke-stil. Det vert veldig krevjande, for alle argumenta som vert brukte frå KrF mot Nysnø, kan òg brukast mot Innovasjon Norge. Dei kan brukast mot Investinor. At me skal ha ein stat som er 100 pst. passiv i næringspolitikken, er uventa takter frå eit parti som tradisjonelt har lege i sentrum, òg i næringspolitikken. Det må òg vera ei litt krevjande øving å sitja som ein del av det norske stortinget og vera prinsipiell motstandar av at staten skal investera, all den tid me forvaltar 21 000 mrd. kr, som me investerer rundt om i heile verda. Det er ganske prinsipplaust å seia at ja, det er kjempebra, men det at me investerer i Noreg, at me hjelper norske gründerar, lokale gründerar, som har investorar, men som kanskje treng nokre investorar til, vert feil. Så eg meiner det er grunnleggjande prinsipplaust, det som KrF framfører i denne saka. Så er det jo eit poeng, som det er påpeikt, at Nysnø klimainvesteringar er eit ektefødd barn av to av dei tre partia som no vil leggja det ned. Det vert hevda frå FrP at ein gjekk på eit tap. Eg hugsar ikkje éi kritisk røyst i 2017 frå FrP om at dette var eit problem. Dette var noko dei sto på for, det var ei regjering der dei hadde finansministeren, det var ei regjering der dei sat som ein likeverdig partnar saman med eit anna parti. Likevel seier ein no at det nærmast er nokon andre si skuld. Eg meiner at viss ein er konsekvent og meiner at mandatet for Nysnø er for smalt, ja, då burde ein stemma for forslaget frå Senterpartiet om å utvida mandatet, sånn at ein òg kan investera innanfor beredskap og forsvar. Då vil sjansen for at ein over tid klarar å gå med overskot, verta større. Ein bidreg òg til å løysa fleire samfunnsføremål, ikkje berre kutt i klimagassutslepp, men òg andre. Eg er òg glad for at me har fått avklart at draumen KrF har om å ta desse pengane og investera dei i klimatiltak i fattige land, faktisk ikkje er mogleg innanfor den budsjettordninga me har, og det viser kor dårleg fundert kritikken i dette forslaget faktisk er.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat