Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 21. apr 2026

Geir Pollestad
Geir Pollestad
Senterpartiet·Rogaland

SakMøte torsdag den 21. april 2026 kl. 10

Innlegget

Eg vil takka komiteen for å ha gjeve samla tilslutning til Senterpartiets forslag om å innføra terskelverdiar for revisjon av stiftelsar som samsvarar med fritaka som gjeld for små selskap. Det er viktig, og det er ei viktig forenkling som ligg i det. Eg ønskte å høyra statsråden sitt innlegg før eg skulle halda mitt innlegg, og eg må seia at eg vil tilrå statsråden og regjeringa å lesa Stortinget sitt einstemmige vedtak. Der står det faktisk at ein ber regjeringa om å innføra terskelverdiar. Eg høyrer finansministeren snakka om at ein skal vurdera dette. Nei, den vurderinga har Stortinget gjort. Dette er noko Stortinget ønskjer. Då må regjeringa gjennomføra dette på ein ansvarleg og god måte. Når det gjeld grensene, meiner eg at Stortinget går ganske langt i å peika på at dei skal samsvara med fritaka som gjeld for små selskap. Det går eg ut frå at regjeringa vil følgja opp i tråd med Stortingets vedtak. Og igjen: Dette er eit viktig vedtak for forenkling i Noreg.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Geir Pollestad (Senterpartiet) — Innlegg · 21. apr 2026 — OverStortinget