Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 21. apr 2026

Geir Pollestad
Geir Pollestad
Senterpartiet·Rogaland

SakMøte tysdag den 21. april 2026 kl. 10

Innlegget

La meg starta med å slå fast det kanskje mest opplagde, nemleg at datasenter er ein grunnleggjande del av Noregs digitale infrastruktur. Datamengdene aukar kraftig, dei representerer store og aukande verdiar og legg til rette for utvikling og konkurransekraft. Det er dessutan av strategisk og beredskapsmessig betydning at me sikrar tilstrekkeleg datalagring på norsk jord. Det har den siste tida likevel kome opp ulike forslag om å vurdera datasentera sine rammevilkår og konsekvensar òg for kraftsituasjonen. Det heng saman med at datasenterbransjen no tek ein særdeles stor del av tilgjengeleg kraft. Datasenteraktørar utgjer om lag halvparten av alle prosjekt som står i kraftkø. Det er no veldig mange andre bedrifter som står i kø for å få tilgang til kraft, i alle fall i delar av landet, med utsikter til svært lang ventetid – viss dei i det heile får ei tildeling. Datasenter når i mange tilfelle lett opp i modenheitskriterium for tildeling av kraft. Det er bekymring for at det utviklar seg ein ubalanse i utviklingsmoglegheitene mellom ein sterkt veksande datasenterbransje og meir etablert næringsliv. Det er dette Senterpartiet sitt forslag tek opp i seg, nemleg at ein skal sikra ein meir balansert bruk av straumen i Noreg. Me har sett at fleire forslag i Stortinget som ville gjeve ei meir rettferdig fordeling av krafta, har vorte nedrøysta. Eg høyrer FrP sitt innlegg i salen og tenkjer: Er det slik at det er det same for FrP om det er nok eit amerikansk datasenterselskap som etablerer seg her, eller om det er vår etablerte industri som vert tilgodesett? Senterpartiet er ueinig med FrP, for me meiner at ein må ha ei tydelegare prioritering av krafta enn det ein har i dag. Det fortener våre eksisterande bedrifter, som har moglegheit for utvikling. For det er mogleg å få til begge delar, men dagens politikk legg i for stor grad til rette berre for utvikling av datasenter. Prisen for det er det næringslivet elles som må betala. I denne samanheng viser eg til Senterpartiet sine forslag.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat