Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Den norske daglegvaremarknaden er i dag prega av ekstrem konsentrasjon av eigarskap og makt, der tre paraplykjeder kontrollerer det aller meste av marknaden, samtidig som dei i aukande grad opererer med eigne merkevarer og har bygd opp kontroll over sentrale delar av verdikjeda. Når desse same aktørane er både kunde, konkurrent og portvakt, blir prisane haldne kunstig høge, utvalet i butikkane blir redusert, og ein stadig mindre del av verdiskapinga tilkjem bøndene og uavhengige matprodusentar. Det er fyrst og fremst denne monopolsituasjonen det er nødvendig å gjera noko med. Særleg er kontrollen dei store kjedene har over grossistleddet, problematisk. Når dei same aktørane eig både butikkane og infrastrukturen som fraktar maten fram til butikkhyllene, blir dei gjevne ei makt som gjer det mogleg å stengja konkurrentar ute, pressa leverandørar på vilkår og halda prisane kunstig høge. Grossistleddet fungerer i praksis som eit lukka system der åtgangen blir styrt av kjedene sjølve. Når marknadsmakta blir for stor, bør myndigheitene setja tydelege rammer for å sikra reell konkurranse. Konkurranselovgjevinga av i dag er i liten grad tilpassa marknadstypar der vertikal integrasjon og sterk kjøparmakt spelar ei avgjerande rolle for konkurransedynamikken. Det er etter SVs meining difor heilt nødvendig å gjennomgå lovverket med sikte på å redusera maktkonsentrasjonen og sikra reell konkurranse. SV meiner at regjeringa bør setja ned eit lovutval som kan vurdera korleis konkurranselova bør moderniserast, kva slags reguleringar som manglar, og korleis myndigheitene i praksis kan få til oppsplitting eller eigarskapsavgrensingar. Fram til meir strukturelle tiltak eventuelt blir gjennomførte, meiner SV at auka openheit om prisar kan vera eit viktig verkemiddel, og at det difor bør bli stilt krav til prisrapportering og etablert ein offentleg prisportal for matvarer i Noreg. Erfaringar frå andre land viser at når prisar blir enklare å samanlikna, aukar konkurransepresset òg i daglegvarebransjen, og både Forbrukarrådet og Konkurransetilsynet har peika på at ein prisportal kan fungera, gjeve riktige rammer. Eg merkar meg at høgresida er sterke motstandarar av å gjera noko med denne monopolsituasjonen som me har i daglegvarebransjen. Det er jo å beklaga, men å merka seg. SV fremjar saman med andre parti i dag ei rekkje forslag som vil vera til det beste for alle andre, og eg tek opp dei forslaga.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
