Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 21. apr 2026

Ingrid Fiskaa
Ingrid Fiskaa
Sosialistisk Venstreparti·Rogaland

SakMøte torsdag den 21. april 2026 kl. 10

Innlegget

SV trur ikkje at marknaden aleine kjem til å løysa dei utfordringane me har med å omstille norsk næringsliv og utvikla nye, klimavenlege næringar. Fellesskapet må både styra utviklinga på eit overordna nivå og bidra til ny teknologi gjennom bl.a. risikoavlasting. SV meiner det er behov for ein aktiv næringspolitikk òg knytt til grøne løysingar. Det er behov for store investeringar i teknologi, kompetanse og forsking dersom Noreg skal kutta klimagassutslepp og omstilla seg vekk frå fossil energi. Her kjem Nysnø inn i biletet. Nysnø investerer i klimaløysingar som kan bidra både til nødvendig teknologiutvikling og til utsleppskutt over tid, samtidig som staten tek del i verdiskapinga. Etter SV sitt syn er dette ein fornuftig bruk av fellesskapets pengar, gjeve at det blir ramma inn rett. Nysnø er heller ikkje ei tilskotsordning, men eit statleg investeringsselskap. Pengane blir altså ikkje gjevne vekk, men dei blir investerte, og staten får dermed eigarskap og kan ta del i gevinsten. Investeringar i tidlegfase-selskap inneber alltid risiko, og det tek tid. Avkastninga kjem ofte fyrst etter mange år. Difor meiner me det er misvisande å omtala desse pengane som tapte. Dei verdiane som er i selskapet i dag, er omtrent like store som er pengane som er investerte. Det betyr at investert kapital framleis ligg i investeringane, f.eks. i selskap, teknologi og prosjekt som kan auka i verdi over tid. SV er ueinig i at staten ikkje skal investera i tidlegfase-klimateknologi. Dersom staten berre skal bidra til raske utsleppskutt og ikkje til å utvikla dei løysingane me veit at me treng, risikerer me at me prioriterer løysingar som på kort sikt kuttar utslepp, men som ikkje bidrar til varig omstilling, og som i nokre tilfelle kan gjera omstillinga vanskelegare. SV meiner samtidig at styringa av Nysnø bør forbetrast. Nysnø bør få større krav til dokumentert klimaeffekt og til å dokumentera at investeringa ikkje ville skjedd utan investeringane til Nysnø. Nysnø bør òg vera meir enn ein passiv investor. Mandatet bør stilla krav til at Nysnø bidrar til å spreia læring, og det vil auka systemeffekten. Svaret er ikkje å leggja ned Nysnø, men å forbetra det. Med det tek eg opp forslaget til SV.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat