Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 21. apr 2026

Marthe Hammer
Marthe Hammer
Sosialistisk Venstreparti·Hordaland

SakMøte torsdag den 21. april 2026 kl. 10

Innlegget

Som statsråden sjølv sa: I dag er det generalforsamling i DNB. Banken har dei siste åra levert enorme overskot, blant anna fordi renta for vanlege folk har auka kraftig. Mens vanlege folk har fått høgare buutgifter og strammare økonomi fordi DNB har tent svært godt på eit høgt rentenivå, hadde DNB-sjef Kjerstin Bråthen i fjor ei samla løn på 18,7 mill. kr. Det er 10,6 pst. meir enn året før. DNB-sjefen får altså ein lønsauke som er langt over dobbelt så høg som det vanlege folk kan forvente å få. Det er fullstendig uansvarleg. I eigarskapsmeldinga, som statsråden også var inne på – og som eit samla storting har stilt seg bak – heiter det ikkje berre at moderasjon er noko ein skal ta omsyn til i fastsetjing av leiarløningane. I eigarskapsmeldinga står det også at dersom veksten i samla godtgjering eller i enkelte godtgjeringselement er større for leiande tilsette enn for tilsette elles, anten prosentvis eller kronemessig, er staten oppteke av at styret gjev ei særskild grunngjeving i lønsrapporten for selskapet. 10 pst. lønsauke til DNB-sjefen er betydeleg og langt over frontfagsramma. Har statsråden bedt om, og fått, denne særskilde grunngjevinga som retningslinjene krev når leiarløna aukar meir enn den generelle lønsauken i selskapet? Og kva tenkjer næringsministeren å gjere i dagens generalforsamling? Har vi fått denne grunngjevinga, og vil statsråden for ein gongs skyld gjere noko meir enn berre å forvente moderasjon frå selskap der staten er ein dominerande eigar, og faktisk stemme for sine eigne retningslinjer og imot den enorme lønsauken til DNB-sjefen? Har statsråden vurdert om det skal få nokon konsekvensar for styremedlemene som ikkje følgjer retningslinjene frå Stortinget og regjeringa, som at statsråden f.eks. vurderer å skifte ut eventuelle styremedlemer som ikkje følgjer opp moderasjon?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat