Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Det er behov for endringar i regelverket for forvaltninga av garanterte pensjonsprodukt. I mange år har desse fripolisane forvalta av livselskapa ikkje hatt noka som helst regulering, noko som har gjeve betydeleg lågare pensjonar enn det som var lova, og som innbetalt pensjonskapital bør kunne sørgje for. Det gjev eit tap for den enkelte pensjonist, men også for samfunnet, ved at store midlar blir forvalta for forsiktig. Over tid har ein altså opplevd lita eller inga regulering av pensjonsytingane, og det har svekt kjøpekrafta og levekåra til pensjonistane. SV og Raudt er difor i denne saka einig med bl.a. høyringsuttalene til LO og Pensjonistforbundet i at forslaga i proposisjonen ikkje løyser dei grunnleggjande problema knytt til låg avkasting og manglande oppregulering av fripolisar. Vi viser eksplisitt til Fafos rapport frå 2018, Ikke som forventet, som peikar på at det krevst eit meir djuptgripande tiltak for å betre denne forvaltninga. Vi meiner at det er behov for ein ny gjennomgang av ordninga, og at vi må sjå vidare på dei forslaga som ligg i Fafo-rapporten. Vi meiner òg at regjeringa burde sett ned ei slik arbeidsgruppe allereie no i vår for å greie ut meir gjennomgripande endringar i korleis fripolisane blir forvalta og organiserte. Det er også fleire parti som viser til at den største og mest radikale endringa regjeringa føreslår i proposisjonen, er forslaget om lånt eigenkapital. Vi meiner forslaget bryt med premissen om at endringane skal vere til fordel for kundane, og vi er difor imot regjeringas forslag om innføring av lånt eigenkapital. Vi kan ikkje støtte eit forslag som svekkjer kundane sine rettar og ikkje er i deira interesse. Eit anna punkt er bufferfond – at dagens reglar om pliktig nedbygging av bufferfond i utbetalingsfasen blir føreslått fjerna og erstatta med krav om at pensjonsleverandørane sjølve skal fastsetje retningslinjer for opp- og nedbygging av buffer. Vi er også kritiske til det og viser igjen til Pensjonistforbundets høyringssvar, som peikar på at desse livforsikringsselskapa har hatt klare insentiv til å halde bufferkapitalen tilbake, ettersom det reduserer behovet for eigenkapital og då avgrensar pensjonspliktene selskapet har overfor kundane. Vi meiner også, i likskap med Pensjonistforbundet, at kravet burde ha vore at den årlege pensjonsutbetalinga utgjer ein bestemt andel av premiereserven, og at den skal tilsvare andel av bufferfondet og utbetalast som eit kronetillegg. Det siste punktet gjeld investeringsval. Eit breitt fleirtal i høyringsrunden, frå LO, Forbrukerrådet og Pensjonistforbundet til Finanstilsynet og Fintech Norway, tek til orde for løysingar for å gå i retning av å gje kundane rett til å konvertere frå garanterte fripolisar til fripolisar med investeringsval. Ei slik løysing vil vere positivt for kundane då dei sjølve kan velje investeringsprofil. Vi er difor fleire parti som meiner at regjeringa må kome tilbake med forslag som gjev kundane rett til konvertering frå garanterte fripolisar til fripolisar med investeringsval. Eg tek opp forslaga våre. Eg trur FrP har teke opp forslag, men det er nokre forslag som SV har saman med andre, og som eg no tek opp. Vidare vil vi stemme subsidiært for forslag nr. 4.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
