Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 23. apr 2026

Anne Grethe Hauan
Anne Grethe Hauan
Fremskrittspartiet·Vestfold

SakMøte torsdag den 23. april 2026 kl. 10

Innlegget

Overgangsalderen rammar halvparten av befolkninga. Likevel har han altfor lenge vore behandla som noko uklart, privat og politisk ubehageleg. Resultatet er eit system som altfor ofte ser ein annan veg, akkurat når behovet for tryggleik, behandling og støtte er størst. Dette er ikkje ei særinteresse. Det er ikkje eit nisjetema. Det er kvardag, helse og arbeidsliv – midt i den fasen der folk ber mest ansvar, både på jobb og heime. Overgangsalderen er litt som å stå og venta på ei bølgje. Du veit han kjem, men du anar ikkje når han kjem eller kor hardt han slår, og du veit ikkje kor lenge han varer. Nokre opplever berre ei lett krusing. Andre blir slåtte over ende. Det einaste sikre er at ingen veit på førehand kva for ei bølgje dei får, og at dette ikkje er noko ein kan velja bort eller styra når han først rullar inn. Det som gjer dette til politikk, er at denne bølgja ofte kjem midt i livet, midt i arbeidslivet og midt i ansvaret. Samstundes er forventningane om å levera like høge som før. For Framstegspartiet handlar dette om helse, arbeid og rettferd. Kvinner i alderen 45–55 år er blant dei mest erfarne og kompetente me har. Når overgangsplager ikkje blir tekne på alvor, og behandling ikkje er tilgjengeleg i tide, ser me raskt konsekvensane: meir sjukefråvær, redusert arbeidsevne og i verste fall fråfall frå arbeidslivet. Dette er ikkje fordi viljen manglar. Det er fordi systemet ikkje stiller opp. Det finst dokumentert samanheng mellom overgangsplager, arbeidsevne og sjukefråvær, slik det òg går fram av saka til Stortinget. Likevel er altfor mange kvinner overlatne til seg sjølve, med lange ventetider, manglande tilbod og ei rekning dei må ta privat. Framstegspartiet er veldig tydelege i denne saka: Når behandling finst, fungerer og er fagleg grunngjeven, skal ho vera tilgjengeleg – uavhengig av lommebok. Det kan ikkje vera slik at kvinner må venta i månadsvis på hjelp eller betala behandlinga sjølve, mens helsa og arbeidsevna gradvis blir svekte. Blåreseptordninga er laga nettopp for situasjonar der medisinsk behandling kan redusera sjukefråvær og halda folk i arbeid. Difor meiner Framstegspartiet at hormonbehandling og relevant legemiddelbruk må inn i blåreseptordninga der det er fagleg rett, at privat kapasitet må takast i bruk når det offentlege ikkje strekk til, og at kvinnehelse må behandlast som det det faktisk er: ei investering i folk og i arbeidskraft. Heil til slutt vil eg seia at eg er veldig glad for at Arbeidarpartiet ser ut til å ha snudd, og at det kan sjå ut som det kan bli eit einstemmig vedtak.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat