Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Anne Grethe Hauan (FrP) [14:51:32] (ordførar for saka): Som saksordførar vil eg først takka helse- og omsorgskomiteen for eit godt og ryddig samarbeid i behandlinga av denne saka. Eg vil òg takka for dei mange innspela som har kome inn. Dei viser stort engasjement rundt eit tema som rører ved veldig mange. Saka me debatterer i dag, handlar om røyking og røykeslutt. Her er det brei einigheit i salen: Me vil ha færre som røyker. Røyking er skadeleg, og det er framleis den livsstilsfaktoren som fører til flest tapte leveår i Noreg. Mange ønskjer å slutta å røyka, men det er nok ikkje så enkelt. Folk sluttar på ulike måtar og i ulikt tempo. Her er det ikkje målet vi er usamde om, men om vegen dit. For oss i Framstegspartiet er det avgjerande at politikken tek utgangspunkt i korleis folk faktisk sluttar, ikkje berre i korleis ein ideelt sett ønskjer at dei skal slutta. Nokon brukar røykesluttprogram og legemiddel med oppfølging. Det er bra, og det skal vera ein del av verktøykassa. Samtidig veit me at mange ikkje kjem i mål på den måten. Andre går frå røyk til snus, og nokon går vidare til tobakksfrie alternativ. Poenget er ikkje at alle skal velja det same, poenget er at fleire må ha ein reell veg bort frå sigaretten. Forskinga skil tydeleg mellom det som skadar mest, og det som skadar mindre. Det er røyken og forbrenninga av tobakk som står for dei alvorlege helseskadane. Nikotin er ikkje risikofritt, men skadeprofilen er vesentleg annleis enn ved røyking. Det er denne forskjellen Framstegspartiet meiner politikken må ta på alvor, dersom målet faktisk er færre røykarar. Samtidig er det heilt grunnleggjande at barn og unge skal vernast mot nikotinbruk. Det er det brei einigheit om. Spørsmålet er altså ikkje om me skal verna unge, men korleis me kombinerer eit sterkt ungdomsvern med ein politikk som hjelper vaksne røykarar bort frå det mest skadelege produktet. Med dette som bakteppe meiner me det er på høg tid å stilla spørsmål ved om dagens regelverk treffer slik det er meint. Når produkt med tobakk er lovlege, mens tobakksfrie alternativ blir stengde ute, står regelverket for mange fram som vanskeleg å forstå. Det peikar på eit behov for å sjå nærare på samspelet mellom mål, verkemiddel og faktisk effekt. Målet må vera færre som røyker, betre folkehelse og fleire reelle vegar ut av røykinga. Det er desse perspektiva Framstegspartiet tek med seg inn i debatten, og eg ser fram til ordskiftet. Eg tek opp forslaga Framstegspartiet er med på.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
