Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 23. apr 2026

SakInnstilling frå helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Ida Lindtveit Røse, Georg Gulli og Jonas Andersen Sayed om et nasjonalt røykesluttprogram – uten kostnad for staten (Innst. 207 S (2025–2026), jf. Dokument 8:93 S (2025–2026))
Innlegget
Det som skjer her, er etter mitt syn prinsipielt alvorleg, for regjeringa brukar ei høyring som grunnlag for å halda fast ved eit forbod sjølv om Stortinget har opna opp for at slike produkt kan tillatast. Eg høyrer du seier det er tillate, men det er eit legemiddel som blir selt på apotek og i butikkar. Eg har smakt det og synest det er heilt forferdeleg, men eg har lyst til å velja sjølv. Det er òg litt av poenget. Me ønskjer å innføra dette, slik at det er tilgjengeleg for alle saman. Kvifor vel regjeringa å la ein underliggjande etat avgjera dette i praksis, i staden for å leggja saka fram for Stortinget og la demokratiet avgjera?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat