Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 23. apr 2026

SakInnstilling frå helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Ida Lindtveit Røse, Georg Gulli og Jonas Andersen Sayed om et nasjonalt røykesluttprogram – uten kostnad for staten (Innst. 207 S (2025–2026), jf. Dokument 8:93 S (2025–2026))
Innlegget
Eg har ikkje høyrt om 2010 tidlegare. Då reknar eg òg med at ein skal kopiera det som no er føreslått innført i England. Det er ny informasjon og faktisk veldig graverande med tanke på korleis politikken er i dag. Det er brei fagleg semje om at snus er mindre skadeleg enn å røykja sigarettar, og mange har gått frå røyk til snus. Mykje tyder på at dette har bidratt til at røykinga har gått ned i Noreg. Samtidig kan produkt med tobakk seljast, mens tobakksfrie alternativ blir stengde ute. I praksis betyr det at ein må gjera produkt meir skadelege for å få dei lovlege. Folk er ulike, og folk sluttar ulikt. Vil statsråden då vurdera om skadereduksjon, inkludert regulert tilgang til tobakksfri snus – utanom dei som blir selde på apoteket og i butikken, som du har snakka om – bør få ein tydelegare plass i norsk tobakkspolitikk enn i dag?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat