Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 23. apr 2026

Anne Grethe Hauan
Anne Grethe Hauan
Fremskrittspartiet·Vestfold

SakMøte torsdag den 23. april 2026 kl. 10

Innlegget

For Framstegspartiet handlar denne saka om noko veldig grunnleggjande: om valfridom, om ansvar og om staten sitt forhold til folks eigne livsval. Me meiner at vaksne, myndige menneske i utgangspunktet skal få bestemma over eige liv, så lenge det ikkje går ut over andre. Me er ikkje tilhengjarar av å avgrensa kvardagen til folk gjennom stadig fleire forbod, høgare avgifter og statleg peikefinger. Det gjeld også på tobakks- og nikotinfeltet. Eg er heilt sikker på at alle politiske parti har ein tobakks- og nikotinavhengig iblant seg. Målet i denne politikken er klart: færre som røykjer. Røyking er det som skadar mest, og det er der innsatsen må rettast, men då må politikken òg byggja på korleis folk faktisk kjem seg vekk frå røyken. For dei fleste skjer ikkje røykeslutt i eitt rykk, det skjer stegvis. Folk trappar ned, dei bytter bort det som skadar mest, mot noko som skadar mindre. Det er sånn folk faktisk gjer det, uavhengig av kva staten meiner, og av kva me bør gjera. Likevel har me i Noreg fått ein politikk som gjer desse stega veldig vanskelege. Tobakksfri snus er forbode. Nye nikotinprodukt blir stengde ute. Samstundes er det fullt lovleg å selja produkt med tobakk, altså dei som er mest skadelege. I praksis betyr det at ein må gjera eit produkt verre for helsa for å få det godkjent. Det er ikkje streng politikk, det er systemfeil. For Framstegspartiet handlar dette òg om valfridom – ikkje valfridom utan ansvar, men retten for vaksne som allereie er nikotinavhengige, til å velja eit mindre skadeleg alternativ enn sigaretten. Det handlar om valfridom ut av røykinga, ikkje valfridom inn i ho. Samtidig er me også veldig tydelege på å seia at barn og unge skal vernast strengt. Der er det brei einigheit, men det er fullt mogleg å ha eit sterkt ungdomsvern og samtidig gje vaksne røykjarar fleire lovlege og regulerte alternativ. Dette er ikkje anten eller. Når staten strammar inn så mykje at folk i praksis berre sit igjen med eitt lovleg val, er det grunn til å stilla spørsmål ved om politikken treffer. Når me forbyr meir enn resten av nabolanda, sluttar ikkje folk, dei finn berre andre vegar. Då får me meir grensehandel, dårlegare kontroll og mindre oversikt. Det er ikkje streng politikk, det er dårleg politikk. Difor fremjar Framstegspartiet eigne forslag i denne saka, og me vil erstatta forbod med regulering. Me vil gje fleire realistiske vegar bort frå røykinga, og me vil endra rammevilkåra og ikkje berre gjenta verkemiddel som kanskje allereie er prøvde ut utan å lukkast.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat