Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 23. apr 2026

Anne Grethe Hauan
Anne Grethe Hauan
Fremskrittspartiet·Vestfold

SakMøte torsdag den 23. april 2026 kl. 10

Innlegget

Takk for interpellasjonen. Eg meiner faktisk at interpellanten blandar saman to ulike spor. Det eine er om dagens reglar er uklare, og det andre er om ein eigentleg ønskjer nye forbod. Det er faktisk ikkje det same, for det finst allereie reglar, som statsråden nettopp sa. Det finst òg grenser, og dersom nokon går over dei grensene, finst det reglar som kan brukast. FrP ønskjer ikkje nye forbod. Surrogati er etisk krevjande for veldig mange, og det har eg stor respekt for. Samtidig er eg glad for at Framstegspartiet har teke eit tydeleg standpunkt i akkurat saka om surrogati. Me har større tru på at nasjonale reguleringar i Noreg ville kunna sikra alle partar på ein best mogleg måte. Likevel er det ikkje det denne interpellasjonen handlar om, for om ein ønskjer forbod eller klare reglar, er ikkje det same. Uansett kva ein meiner om surrogati, blir barn fødde. Det er eit faktum. Då meiner eg at det ikkje er vår oppgåve å stå på brygga og peika finger mot båten som alt har lagt til. Då må me ta imot dei som kjem i land, og det er der det beste for barnet begynner. I dag møter mange familiar ei papirmølle som kan minna meir om ei hinderløype enn om hjelp. Det er registrering av foreldreskap, juridiske avklaringar, stebarnsadopsjon – prosessar som kan ta tid og skapa uvisse. Det burde ha vore mykje enklare. Det burde gå raskare, for ungar skal ikkje bli ståande fast i eit system som går sakte når livet deira går fort. Eg undrar meg òg over sporet interpellasjonen legg opp til, for mykje av rådgjevinga det blir vist til, skjer digitalt, og fleire av desse aktørane er etablerte i andre land. Korleis ein i praksis skal gjera det ulovleg å ha eit digitalt møte med eit selskap i Sverige, er for meg uklart. Dersom dagens reglar blir brotne, må dei handhevast. Dersom ein ønskjer nye forbod, må ein seia det. Det er noko heilt anna. Til slutt handlar dette om kva Stortinget vil vera. Skal me byggja fleire hinder, eller skal me rydda vekk nokre av dei? Eg meiner me bør rydda: mindre symbolpolitikk, klare reglar, raske avklaringar og det beste for barnet først. Det burde ikkje vera det mest kontroversielle me seier i denne salen, det burde vera det mest sjølvsagde. (Innlegg er under arbeid)

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat