Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 23. apr 2026

Geir Pollestad
Geir Pollestad
Senterpartiet·Rogaland

SakMøte torsdag den 23. april 2026 kl. 10

Innlegget

Eg vil langt på veg slutta meg til dei innlegga som representanten Myrli og representanten Trellevik heldt i denne saka. Det er viktig å minna om at Telenor er eit statleg deleigd selskap. Det har vore ein ganske konsekvent praksis om dette med tilgang på eigardialogen. Når det gjeld å driva business i Myanmar, hadde eg gleda av å vere i Myanmar og besøkja Telenor for ein del år sidan saman med næringskomiteen. Det var i dei tidene det gjekk godt i Myanmar, men òg den gongen var det eit svært krevjande landskap å manøvrera i. Eg har behov for å seia at eg reagerer ganske kraftig når komitéleiaren kjem og nærmast presenterer sine teoriar om kva som har skjedd. Dei går jo så langt som å seia at her har departementet nærmast med opne auge gjeve sin aksept til overgrep i Myanmar, at Telenor har visst dette, og at ein har teke bevisste val. Eg tenkjer at det svekkjer saka og det svekkjer det arbeidet me som komité gjer, når ein presenterer denne typen teoriar, som komitéleiaren sjølv kalla det. Det tenkjer eg at me ikkje skal gjera, og det er veldig fornuftig at komiteen no har samla seg om ei løysing der Riksrevisjonen skal gå igjennom dette. Så kan me diskutera dette ut frå fakta og det me får frå kontrollkomiteen – og ikkje ut frå ei forvirring som måtte svirra i nokons hovud.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat