Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 23. apr 2026

Ingrid Fiskaa
Ingrid Fiskaa
Sosialistisk Venstreparti·Rogaland

SakMøte torsdag den 23. april 2026 kl. 10

Innlegget

Å redda sjukehusdrifta i Egersund handlar om folk sin tryggleik i kvardagen og nærleik til viktige helsetenester. Det handlar òg om korleis me byggjer gode samfunn og sikrar god samfunnsøkonomi i plassen for å riva lokalsamfunn frå kvarandre. Og det handlar om høg fagleg kvalitet som det er verdt å verna om. I tillegg handlar det om eit styringssystem som tvingar fram forslag og avgjerder i strid med desse måla – eit styringssystem der sjukehusa blir styrte som kommersielle bedrifter, ikkje som samfunnsberande institusjonar, og der nye bygg, som det er politisk bestemt at skal byggjast, må finansierast ved at helsepersonell må springa fortare og slita seg ut raskare. Det er ein uhaldbar systemtvang. Sjukehuset i Stavanger er påført store kostnader i renter og avdrag til staten, som dei fortvilt prøver å finna løysingar på, og desse såkalla løysingane betyr å svekkja våre felles helsetenester, dei betyr nedbemanning i plassen for å få fleire folk på jobb, og dei betyr nedlegging av gode helsetenester nær folk. Eg deltok sjølv i fakkeltoget i Eigersund for ei veke sidan. Der opplevde eg eit stort engasjement frå ein samla region, inkludert frå dei partia som ikkje har tenkt å redda drifta når me no behandlar saka i dag, nemleg Høgre og Arbeidarpartiet. Eg registrerer at det er lang avstand mellom lokalpartia og ordførarane på den eine sida og det partia gjer på Stortinget. Den avstanden heng saman med eit anna grunnleggjande problem, og det er ansvarsfråskriving. Føretaksstyringa er skreddarsydd for at regjeringa og folkevalde på Stortinget skal sleppa å stå til ansvar, skreddarsydd for å skyva ansvaret for overordna saker nedover til utpeikte styremedlemer som fyrst og fremst har i oppdrag å unngå raude tal i ein snever bedriftsøkonomi. Eg merkar meg at Arbeidarpartiet i innstillinga ikkje vil at Stortinget skal «detaljstyra» helseføretaka. Eg synest det er ganske oppsiktsvekkjande at sjukehusdrifta i ein heil region blir kalla ein detalj. Det er eit uttrykk for den teknokratiske avstanden som helseføretaksstyringa skaper mellom folkevalde og innbyggjarar. Eg lurer på kva Stortinget eigentleg skal ha lov til å meina noko om, viss sjukehus for ein heil region berre er ein detalj. Heldigvis tar fleirtalet i denne saka ansvar og reddar sjukehusdrifta i Egersund.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat