Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Legemiddel til små barn er ein spesiell sårbar del av legemiddelmarknaden. Over dei siste åra har ein mista ei rekkje legemiddel med barneformuleringar. Det har vorte forsøkt gjort endringar på det. Samtidig ser vi at prisen i nokre tilfelle no vert så høg at mange legar kvir seg for å skriva ut. Eksempelet eg brukar i representantforslaget, er flukloksacillinmikstur, som er tilrådd for behandling av barn med stafylokokkinfeksjonar i hud og blautvev. Ei flaske på 100 ml kostar 1 000 kr, og så treng ein to flasker for ei behandling. Til samanlikning kostar det 240 kr dersom ein vaksen skal ha same behandlinga. Det betyr at legar kvir seg for å skriva ut, og då skriv ein heller ut meir breispektra antibiotika. Dagens blåreseptordning fungerer ikkje for antibiotika for barn som dette gjeld, fordi ein har krav til at det skal vere langvarige og kroniske sjukdomar. Andre land har løyst dette. I Sverige er medisinen gjort gratis for barn under 18 år, og han er sterkt subsidiert i Danmark. Så vert det sagt i merknadene at dette kan vere i strid med prioriteringsprinsippa i helsetenesta. Det vil eg avvisa. I samband med prioriteringsmeldinga vart det nettopp vist til følgjande: «Ved vurdering av eksisterende og nye antivirale midler, vaksiner og antibiotika må resistensrisiko tillegges vekt. Valg av behandlingsmetoder skal ikke påvirke resistensutvikling negativt, og man skal tilstrebe å bruke metoder som reduserer risikoen for antimikrobiell resistensutvikling.» Dette skreiv ein samla komité den gongen. Det er òg eit lite paradoks at når vi seinare i dag skal ha ei sak om hormonbehandling for kvinner på blå resept, er det ikkje i strid med prioriteringskriteria, mens dette vert brukt som eit argument for ikkje å kunna gå inn på det. Eg er glad for at det vert eit fleirtalsforslag om at ein skal utgreia kostnadene og sjå på korleis ein kan gi tilgang til antibiotika til barn ved smittsam sjukdom og ta omsyn til utvikling av resistens. Dette er verkeleg eit skritt i rett retning. Statsråden har jo sjølv i svar på skriftleg spørsmål vist til høyringa på blåreseptordninga. Det ser eg òg fram til. Eg viser til tilrådinga frå komiteen, som Senterpartiet står bak, og tar opp forslaget til Senterpartiet. Så vil eg takka komiteen for at vi får til forslaget om at det no vert ein bevegelse i denne saka. Det betyr mykje for barn og familiar.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
