Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 23. apr 2026

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakInnstilling frå helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentantane Trine Fagervik og Kjersti Toppe om gratis legemiddel på kvit resept for barn opp til seks år (Innst. 204 S (2025–2026), jf. Dokument 8:79 S (2025–2026))

Innlegget

Det er jo ikkje første gong at denne problemstillinga vert tatt opp. Det er ein kjend sak, og det er gjort tiltak for å betra tilgangen til barneformuleringar. I prioriteringsmeldinga vart dette også tatt opp. Det er vorte omtalt i strategien mot antimikrobiell resistens, og eg stilte eit skriftleg spørsmål for eit år sidan, da statsråden skreiv at han jobba for å utvikla effektive, økonomiske og juridiske verkemiddel for å møta tilgjengelegheitsutfordringar for bl.a. barneformuleringar av eldre antibiotika. No får vi eit vedtak i Stortinget om at ein skal greia ut dette vidare. Det er eg veldig glad for, men eg vil spørja statsråden: Vil statsråden verkeleg prioritera framdrift i dette arbeidet, så vi snarast mogleg kan få gode tiltak som løysing på denne utfordringa?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat