Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 23. apr 2026

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakMøte torsdag den 23. april 2026 kl. 10

Innlegget

Takk for svaret. No har regjeringa sjølv sendt ut høyringssvar om moglege endringar i regelverk og blåreseptordninga, der akkurat denne problemstillinga vert omtalt i høyringsnotatet. Eg håpar jo at statsråden kan prioritera, når han sjølv har sendt ut høyringsforslag om tilsvarande. Eg har eit spørsmål. Vi fekk høyringssvar frå Nasjonalt kompetansenettverk for legemiddel til barn, som viser til at DMP har godtatt ein høgare utsalspris for barneformuleringar på den norske marknaden for å kunna auka tilgjengelegheita. Men dei viser til at det er ei kartlegging som viste at denne prisauken ikkje har gått til produsentane, men til grossistleddet, og at det vil føra til at produsentane framleis vil sjå på den norske marknaden som lite interessant. Vil statsråden setja krav til grossistane sin innkjøpspris?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat