Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Kjersti Toppe (Sp) [11:04:59] (leiar i komiteen): Først vil eg seia at dette er ei sak som har skapt veldig stort engasjement. Eg mottok hin dagen på vegner av komiteen 80 000 underskrifter som var komne inn ganske raskt – som er eit symbol på at dette er ei sak som mange er opptatt av, og som ein i mange år eigentleg har gått og venta på. Eg vil òg takka komiteen, for det er jo sjeldan at ei innstilling er skrive med så få særmerknader. Det vitnar om at det er eit stort engasjement i alle parti for å løfta denne saka. Takk òg til forslagsstillarane som har levert inn representantforslaget. For Senterpartiet har bidraget frå Senterkvinnene vore veldig viktig, og eg har lyst til å nemna det frå Stortingets talarstol. Dei har kjempa inn formuleringar om kvinnehelse i vårt stortingsvalprogram, både om forsking på kvinnehelse, om hormonbehandling på blå resept, osv. Det har òg vore ein stor debatt om kvinnehelse både på landsmøta våre og på årsmøta i fylka. Det er jo ein del av politikken og demokratiet, og eg er glad for at vi kan følgja denne saka hit inn i Stortinget, og at det no vert eit større løft for dei ulike forslaga. Eg vart jo veldig glad då Arbeidarpartiet sa det dei gjorde frå Stortingets talarstol, om at dei går inn i forslaget som SV, Senterpartiet og Raudt har fremja i innstillinga. Då vert det jo fleirtal for det. Det er eit ansvarleg forslag. Ein ber om at ein skal koma tilbake til Stortinget på eigna måte, men det er samtidig eit tydeleg vedtak om at ein ber regjeringa sikra betre og meir likeverdig tilgang til behandling av overgangsplager, m.a. vurdera korleis blåreseptordninga kan utvidast til å omfatta hormonbehandling til kvinner som har medisinske behov for dette. Så det er eg veldig glad for. Det betyr veldig mykje for mange. Eg vil òg visa til at det er fleirtal for mange andre viktige forslag som går ut på å auka både kunnskapen, informasjonen og forskinga på kvinnehelse i stort. Det vil vera viktig for heilskapen, for å få til betre kvinnehelse og gi kvinner lik tilgang til nødvendig behandling uavhengig av økonomisk bakgrunn.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
