Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 23. apr 2026

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakMøte torsdag den 23. april 2026 kl. 10

Innlegget

Eg vil starta med å takka Arbeidarpartiet for å vera med på forslaget og for å ha veldig offensive merknader i denne innstillinga. Det er fint å vera med på. Eg har ein replikk som er litt på sida. Det er ein del forslag her som får fleirtal, og som har veldig gode intensjonar, og vi har to vedtak som går på at vi må auka kompetansen hos fastlegar. Komiteen var på besøk hos Legeforeningen, og vi har ofte veldige intensjonar om at fastlegane skal få auka kompetanse på veldig mange ulike ting, og no påpeiker vi viktigheita av at fastlegane har kompetanse. Det er eg heilt einig i. Spørsmålet til statsråden er: Kva for verkemiddel vil statsråden ta i bruk for å følgja opp desse forslaga om at fastlegane skal få auka kompetanse om alt anna dei skal ha god kompetanse om?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Kjersti Toppe (Senterpartiet) — Replikk · 23. apr 2026 — OverStortinget