Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Det var i Prop. 147 L (2015–2016) at Stortinget gav samtykke til forslaget til regjeringa Solberg om endringar i psykisk helsevernlov. Bakgrunnen var at ein skulle redusera tvangsbruken i Noreg og sikra ein meir riktig bruk av tvang. Ein skulle sikra pasientane medverknad, sjølvbestemming og auka rettstryggleik. Endringane tok til å gjelda 1. september 2017. Den mest inngripande endringa var eit tilleggsvilkår om at pasienten måtte mangla samtykkekompetanse for å bli underlagd tvunge psykisk helsevern. Den gongen peikte fleire høyringsinstansar på at endringane kunne få alvorlege helsemessige konsekvensar for pasienten. Det blei åtvara mot at pasienten kunne koma seinare i gang med behandling, og at tvangsbruken stod i fare for å auka. Det var bakgrunnen for at Senterpartiet den gongen føreslo ei evaluering etter fem år, men dette forslaget blei stemt ned av Høgre og Fremskrittspartiet. Vi ser at tvangsbruken ikkje har gått ned sidan endringane. Tvang gjekk ned den første perioden etter at lovendringane hadde tredd i kraft, men frå 2018 viste statistikken ein auke for både tvangsinnlegging og behandling utan eige samtykke. Tilbakemeldinga handla om at vilkåret kan ha ført til auka tvangsbruk i psykisk helsevern totalt sett. Politiet rapporterer òg om at dei i aukande grad må hjelpa helsevesenet med å handtera personar med alvorleg psykisk sjukdom. I rapporten til Kontrollkommisjonen for psykisk helsevern for 2024 viser dei at fleire pasientar er meir enn eitt år på tvunge psykisk helsevern, andelen tvang utan døgnopphald aukar, det er fleire pasientar som klagar på tvang, og det er ein auke i talet på vedtak om tvungen observasjon og tvunge psykisk helsevern. Kontrollkommisjonen seier i rapporten sin at dei ser ein auke på 24 pst. dei siste fem åra. Då spør eg: Var det dette Stortinget ønskte? Nei, ein ville ha mindre bruk av tvang, for ein frykta at det var for mykje bruk av tvang. Eg har møtt så mange pasientar, pårørande, fagfolk i helsevesenet og politi som er fortvila over at dette har gått ut over pasientane, alvorleg psykisk sjuke pasientar som ikkje får den hjelpa frå samfunnet som dei har behov for og krav på, og som no opplever auka tvangsbruk, ikkje mindre. Vi støttar forslaget frå FrP i denne saka, og eg går ut frå at forslaget vi er ein del av, er blitt tatt opp.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
