Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Dette er faktisk noko anna enn det som vi har fått klart inntrykk av. Det er forskjell på 430 døgnplassar dei neste åra og vel 200 fram til 2030, men la no det vera i denne omgang. Eg har eit spørsmål til som gjeld denne saka og tvangsbruk. Som eg sa i innlegget mitt, var målsettingane for lovendringa å få ned bruken av tvang og å få til riktig bruk av tvang. I staden har det vore ein stor auke i tvangsbruken i tenestene. Det er ei ganske alvorleg utvikling, og kontrollkommisjonen viser til at vanskeleg tilgang på døgnplassar òg er ei av forklaringane på dette, kapasitetsmangel f.eks. i sikkerheitspsykiatri, men òg i den generelle psykiatrien. Kva gjer statsråden no for at denne tvangsbruken skal kunna reduserast?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
