Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Viss ein tar debattnivået, synest eg òg det siste innlegget trekkjer Senterpartiet ned i ei grøft vi ikkje er i, for vi skal ikkje tilbake til ei tid med auka tvang og der vi bryt menneskerettane. Eg har vist til ekspertutvalet som vurderte inkorporering av CRPD. Ein kan visa meg tilvisingane til ekspertutvalet som visar at dette er å bryta konvensjonen. Eg meiner eg har gjort greie for dette i merknader, og eg har ikkje fått noka tilbakemelding på det. Det har vore ein stor auke i tvang etter at vi innførte desse endringane, så det iallfall vi ønskjer med forslaget vårt, er at vi faktisk skal få mindre tvang i helsevesenet. Da vil eg be om at ein ikkje tillegg Senterpartiet slike meiningar som siste innlegg var eit eksempel på. Ein kan òg sjå på høyringsutsegnene til samtykkeutvalet som var nokså delte.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
