Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 23. apr 2026

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakMøte torsdag den 23. april 2026 kl. 10

Innlegget

Kjersti Toppe (Sp) [13:24:03] (leiar i komiteen): Det er svært uheldig at knappe økonomiske rammer for finansiering av drift og investering i sjukehus på denne måten går ut over viktige pasienttilbod. Ei medverkande årsak til nedlegginga er behovet for å finansiera nytt sjukehus i Stavanger – og her siterer eg meg sjølv. Eg sa dette i november 2018, då vi fremja eit forslag i Stortinget om å sikra at dei 16 sengeplassane på rehabiliteringsavdelinga 2 Øst i Egersund vart oppretthaldne. Det er den same situasjonen vi står i no, åtte år etterpå. Då ein la ned rehabiliteringsavdelinga med 16 sengeplassar i Egersund i 2018, var det økonomisk motivert. Føretaket var heilt tydeleg i sine planar då om at det var føreslått og gjennomført for å forbetra den økonomiske situasjonen i føretaket for å klara å få eigenkapital til det nye sjukehuset i Stavanger. Eg meiner Egersund har tolt nok av sentralisering for å kunna finansiera eit nytt sjukehus, som Stavanger absolutt har behov for, men det får vera grenser for kva konsekvensar det skal ha for polikliniske tenester i distrikta. Egersund poliklinikk og den sjukehusavdelinga som har vore der, er eit fantastisk eksempel på at det er mogleg å få til gode desentraliserte tenester. Det er poliklinisk aktivitet og polikliniske tilbod for veldig mange pasientar – eldre og barn og unge, ja, men òg folk som er i arbeidslivet, som slepp å ta så mykje fri frå arbeid. Det er eit tilbod som faktisk fungerer, og med god kvalitet. Det er ingen faglege argument for at dette tilbodet skal verta lagt ned, det er økonomiske argument. Når Høgre og Arbeidarpartiet fremjar eit forslag i innstillinga om at dei ber føretaket sikra andre reduksjonar i administrative funksjonar og ressursar før det vert gjort eventuelle endringar i oppgåver og funksjonar knytte til pasientbehandling, er det eit forslag vi aldeles ikkje kan støtta, for det forslaget er ei blankofullmakt til helseføretaka om å gjera endringar i pasientbehandlinga. Det er mange parti som snakkar fint om desentralisering, men dei vil altså ikkje sikra det. Med det tar eg opp forslag nr. 5, frå Senterpartiet og Raudt.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Kjersti Toppe (Senterpartiet) — Innlegg · 23. apr 2026 — OverStortinget