Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 23. apr 2026

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakMøte torsdag den 23. april 2026 kl. 10

Innlegget

Vi bør eigentleg slutta å møtast på denne måten, om nok ei sentraliseringssak i helsetenesta vår som er økonomisk motivert, for dette er saker Senterpartiet er veldig opptatt av, og som vi meiner er unødvendige. Vi kunne ønskt at helsesektoren var folkevaldstyrt, for da hadde vi sluppe å ta desse sakene inn i stortingssalen. Vi kunne òg ønskt at vi hadde hatt ein statsråd og ei regjering som var tydelege politisk på at føretaka skulle sikra eit desentralisert helsevesen, og som hadde sett ein stoppar eller stolpar for kor mykje sentralisering ein kunne gjera. Med Lærdal som erfaring vil eg spørja: Er det noka grense for statsråden i kva sentraliseringsforslag føretaka no kan ha, før statsråden vil gripa inn og ikkje berre venta og sjå?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat