Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 23. apr 2026

SakMøte torsdag den 23. april 2026 kl. 10
Innlegget
Rett medisin til barn er openbert viktig, og det betyr også mye for oss. Det som eigentleg er det viktigaste i denne saka, handlar om resistens, som er eit stort globalt problem, og som også er i ferd med å bli eit betydeleg problem også i Noreg. Dette går riktig nok langt inn i det faglege, som representantane i denne salen skal sleppe å meine så veldig mykje om, spør du meg. Difor er eg veldig glad for det forslaget som no kjem frå komiteen, som vi også støttar, som er eit utgreiingsforslag. Det er jo eingong sånn at vi har løyst desse problema som legar i mange år. No er det lenge sidan eg behandla mange barn med dette, men eg har også inntil nyleg behandla enkelte, og det er jo sånn at vi finn løysningar. Kapslar kan opnast, og tablettar kan knusast – for ein del. Det gjeld ikkje alle legemiddel, og det gjeld ikkje alle barn. Dei minste må kanskje likevel ha mikstur osv. Så det er ein del ting her, men her er det så mykje fagleg, så difor er eg veldig glad for at vi ikkje berre vedtek noko, men ser ordentleg på det. Så er det også eit fordelingsspørsmål her. Spørsmålet er: Er dette den rette måten å fordele pengar til barnefamiliar på, eller bør vi gjere det på ein annan måte? Eitt spørsmål er kva effekt eit sånt tiltak vil ha. Dette treng vi å få grundig belyst. Og korleis er fordelingseffekten sett opp mot barnefamiliar? Det meiner vi ein kan gjere på betre måtar. Vi har bl.a. føreslått å doble barnetrygda og skattleggja ho, sånn at dei som har minst, sit igjen med betydeleg meir. Eg ser fram til å få ei utgreiing som ser på nettopp betydninga for resistensutvikling av eit sånt tiltak, og kor stort problemet eigentleg er. Vi gjev som sagt god støtte til det å få greidd ut dette, og så meiner vi at det viktige må vere å gje støtte nettopp til smalspektra antibiotika, og ikkje la den same støtta gjelde breispektra. Det meiner eg det ikkje er grunnlag for å anbefale, men det éin ting vi kan få godt belyst i ei sånn høyring.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat