Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 23. apr 2026

Marius Langballe Dalin
Marius Langballe Dalin
Miljøpartiet De Grønne·Sogn og Fjordane

SakMøte torsdag den 23. april 2026 kl. 10

Innlegget

Ikkje berre har eg sjølv gjennom karrieren behandla og lytta til mange kvinner med denne typen plager, eg er òg så heldig å dele seng med ei veldig flott kvinne i sin aller beste alder, som har kjent litt konsekvensane av det med hetetokter og andre symptom – og også gleda av å få eit plaster. Hormon er faktisk veldig billeg i overgangsalderen. Problemet er berre at dei beste preparata er i plasterform, og dei er betydeleg dyrare. Reint teknisk betyr at det ikkje går innom levra, og det har ein god del konsekvensar. Det kan vi gå djupt inn i her, men kanskje vi skal la det vere. Tilgjenge har jo faktisk nesten vore eit større problem med desse plastera enn prisen, så det er òg noko som eg håpar statsråden kan sjå på i samband med den utgreiinga som truleg blir vedteken no. Fordelingspolitikk er ein annan sak. Han må vere god, og eg tenkjer litt på det når høgresida forsvarer at dei tenkjer på dei som har dårleg råd når det gjeld dette. Då tenkjer eg at det er fordelingspolitikken vi primært må sjå på. Vi støttar sjølvsagt uansett å få ned prisen på dette og få det inn i blåreseptordninga så langt som ein kan, bl.a. gjennom forslag nr. 4, frå SV, Senterpartiet og Raudt, i tillegg til tilrådinga frå komiteen. Det er òg mange andre medikament som vi burde ha vurdert å ta inn i blåreseptordninga, og som prostatapolitisk talsperson i MDG er eg oppteken av kjønnsperspektivet på begge sider. Vi har både kvinner og menn i vår nære omgangskrins, alle saman, og det er mange tilstandar òg hos menn som er underbehandla. Her tenkjer eg at dette ikkje er noka motsetning, tvert imot: Vi bør jobbe for betre helse på område som er viktige for begge kjønn, og i det vidare sjå på kjønnsperspektivet, uavhengig av om det er menn eller kvinner. Som sagt: Vi støttar både innstillinga og mindretalsforslag nr. 4, og så satsar vi på at vi får ei god ordning som etter kvart også omfattar ein god del andre medikament enn dei som er tema i dag.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat