Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 23. apr 2026

SakMøte torsdag den 23. april 2026 kl. 10
Innlegget
Tvang brukast for ofte og for kort. Dette er ei lita omskriving av tolkinga mi av bodskapen frå ein del pårørande og òg pasientar. Ein kjem inn, får eit tilbod, etter få dagar har ein vore oppfatta som samtykkekompetent, og ein skriv seg ut, når ein i staden burde hatt ei betydeleg lengre innlegging nettopp for å kunne bli ordentleg frisk. Redsla blant helsepersonell for faktisk å bruke tvangsparagrafen til beste for pasienten er diverre framleis til stades. Tvang er svært inngripande. Det er mange viktige menneskerettsspørsmål rundt dette, men dei går båe vegar. Vi har òg ei plikt til å hjelpe. Vi har òg ei plikt til å ikkje bruke tvang unødvendig. No har vi fått ei lovendring som snart skal tre i kraft. Det er for tidleg å seie at dette ikkje verkar, vi må følgje nøye med vidare på korleis dette vil fungere i praksis. Vi støttar at vi opprettheld status utan å gjere endringar tilbake til 2017, og vi støttar difor innstillinga frå komiteen.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat