Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 23. apr 2026

SakMøte torsdag den 23. april 2026 kl. 10
Innlegget
Det er ei stor glede å sjå at Stortinget er blitt så oppteke av å ta vare på dei polikliniske dagtenestene. Å ha polikliniske tenester som dette lokalt er god distriktspolitikk, og det er god samfunnsøkonomi. Det er bra for pasientane, ikkje minst, og det er bra for samfunnet lokalt. Det bidrar til at ein må reise vesentleg mindre. Reiser kostar både pengar og slit, og gjer at mange eldre og skrøpelege vel bort helsetenester dei absolutt burde hatt. Det har eg personleg erfaring med i bøtter og spann. Det er svært lite å spare på å ta vekk polikliniske dagtenester, og difor er det forstemmande å sjå at det er sånn ein ønskjer å spare. Vi forstår den fortvilte økonomiske situasjonen i Rogaland, men dette er likevel ikkje ein god måte å gjere det på. Der vi kan tilby gode tenester av høg kvalitet lokalt, må vi strekkje oss lite grann for å få det til. Her meiner eg at vi må strekkje oss. Vi støttar forslaga nr. 3, 4 og 5, nettopp fordi vi ønskjer å bevare poliklinikkane og gjerne styrkje dei framover. Det er bra for pasientane, og vi meiner at dette må vi ta oss råd til. Samfunnsrekneskapen går sannsynlegvis opp på ein veldig god måte med desse forslaga.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat