Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Sommaren 2023 politimelde Utanriksdepartementet Telenor for moglege brot på sanksjonsreglane i Myanmar. Det kjem fram i eit svar frå utanriksministeren til kontroll- og konstitusjonskomiteen. Det er altså eit stort skilje mellom eigarskapen til staten som vert forvalta av Næringsdepartementet, og resten av regjeringsapparatet som følgjer opp næringslivet både med og utan staten som eigar. Dette er eit viktig skilje, for det er forvaltinga av statens eigarskap i samsvar med vedteken eigarskapspolitikk i Stortinget me no ber Riksrevisjonen sjå på. Som eigar ventar staten at selskap med statleg eigardel skal følgja FNs rettleiande prinsipp for næringsliv og menneskerettar. Dette er tilrådingar, og det knyter seg ikkje rettsleg ansvar til eventuelle brot på desse. Det betyr ikkje at me skal ta lett på eventuelle brot. Interne dokument og korrespondanse mellom departementa som inngår i interne saksførebuingar frå regjeringa og departementa, og som ikkje tidlegare er offentlege, kan få fritak frå offentleg innsyn i samsvar med offentleglova. Det er langvarig konstitusjonell praksis for, frå skiftande parti, at organinterne dokument i regjeringa og departementa ikkje vert sende over til kontroll- og konstitusjonskomiteen. Sjølv om regjeringa altså har delt informasjonen me har bedt om, er sjølve dokumenta ikkje delte. Høgre meiner isolert sett at me har fått dei opplysningane me treng for å vurdera regjeringa si forvalting av eigarskapen i Telenor, ut frå at regjeringa sjølvsagt har gjeve korrekt og ikkje mangelfull informasjon til komiteen. Sidan dette ikkje er tilfredsstillande for komiteen, støttar Høgre tilrådinga frå komiteen, og eg ser fram til å få rapporten frå Riksrevisjonen for vidare oppfølging i komiteen.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
