Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 28. apr 2026

Frank Edvard Sve
Frank Edvard Sve
Fremskrittspartiet·Møre og Romsdal

SakMøte tirsdag den 28. april 2026 kl. 10

Innlegget

Apropos vaksenopplæring: Det er ganske fantastisk å stå på denne talarstolen og måtte kommentere Arbeidarpartiet sine innlegg, som på ein flammande måte liksom har omsut for befolkninga også i denne saka. Det var meint som ein spøk, for det er jo stikk motsett: Ein prøver altså å kjempe med nebb og klør mot dei forslaga som ligg i denne saka, som både vi, Senterpartiet og Høgre har fremja for å faktisk gjere det betre og lettare for innbyggjarane og bilistane. Det representantane frå Arbeidarpartiet møter det med, er å prøve å latterleggjere dei partia som forsøkjer å ta ned bompengebelastinga i Noreg, som vi har gjort i ei årrekke. Når det gjeld vaksenopplæring. Ja, eg trur ein må setje seg ned og lese litt kva som skjedde i fjor i budsjettet og i vårt alternative budsjett, for vi hadde eit eige forslag som sa at vi bad regjeringa kome tilbake til Stortinget med dei ulike bompengeprosjekta for å kutte bompengane. Det hjelper ikkje å fremje ein sum i eit statsbudsjett for å kutte bompengane generelt på heile området. Regjeringa er nøydd til å kome tilbake igjen med ein og ein bompengeproposisjon for å faktisk kunne kutte dei pengane. Det bad vi om i eit eige framlegg. Så den i denne salen som forsøkjer å framstille det som at vi ikkje er mot bompengar i Framstegspartiet, det er – ja, eg blir sikkert klubba viss eg seier noko feil – det er i beste fall ei usanning, for det er ikkje riktig. Vi gjer det vi kan for å gjere det betre for befolkninga, for næringslivet, for innbyggjarane, gjennom å kutte i utgifter og skattar og avgifter også for bilistane. Vi er bilistane sitt parti. I denne saka og i veldig mange andre saker – ja, vi er klåre over at vi sat i regjering og ikkje hadde fleirtal aleine og var med på ei rekke saker der det blei bompengar. Men vi gjer i alle fall det vi kan for å kutte mest mogleg i bompengar der det er mogleg å få det til, som for eksempel i denne saka, og seinare kjem ei sak som gjeld Nordøyvegen. Vi gjer det fordi vi ser at det er nødvendig for å drage ned kostnadene i ein situasjon der dagens samferdsleminister og resten av regjeringa har sørgt for at kostnadsnivået til vanlege folk og næringsliv og bilistar har foke til himmels i heile Noreg. Så skal ikkje vi kunne jobbe for å få det billegare og betre for innbyggjarane, også når det gjeld bompengar? Sjølvsagt gjer vi det. Sjølvsagt kjem vi til å fortsetje med det. Ikkje gå på talarstolen her frå Arbeidarpartiet og forsøk med «dirty tricks». Det nyttar ikkje, det sømer seg ikkje, eg synest det faktisk er ganske useriøst når ein i Arbeidarpartiet ikkje ønskjer å gjere noko for å få betre forhold for dei som er bilistar og næringsliv, som får byrda med høge bompengar.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Frank Edvard Sve (Fremskrittspartiet) — Innlegg · 28. apr 2026 — OverStortinget