Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Legitimiteten til bompengeordninga føreset at det er rimeleg samsvar mellom det bilistane betalar, og det dei faktisk får igjen i form av ferdig utbygd veg. Dei som betalar bompengar på E6 mellom Ulsberg og Melhus, har verken fått ferdig veg eller ei rimeleg bompengebelastning. Det rammar pendlarar og næringstransport, og det skapar heilt forståeleg frustrasjon lokalt. E6 Ulsberg–Melhus er eitt av fleire prosjekt i Nye vegars portefølje der innkrevjing startar samtidig som det er uklart når heile strekninga vil stå ferdig. Difor meiner eg at det begynner å verte på tide at Stortinget spør seg om Nye vegar er organisert på ein klok måte. Me kan ikkje ha det slik at vegutbyggjaren etterlet seg halvferdige parsellar her og der. Òg lokalt opplever ein at dette er urimeleg. Å ettergje gjeld i prosjekt som er forankra i lokalpolitiske vedtak, er vanskeleg å forsvare så lenge det står andre viktige samferdselsprosjekt på vent rundt omkring i landet, men vi forventar at regjeringa tek ansvar. I dialog med lokale myndigheiter må ein finne rom for løysingar som lét bompengetrykket gå ned, f.eks. gjennom utvida innkrevjingstid, slik vi føreslår i lag med Framstegspartiet. Senterpartiet vil no varsle at dersom det nemnte forslaget ikkje får fleirtal, så vil vi subsidiært støtte forslaga frå Høgre, om forlenga nedbetalingstid og om å gå i dialog med dei lokale myndigheitene om passeringstak. Det vil i det minste vere eit steg i rett retning for å få ned bompengebelastinga på strekninga.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
