Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 28. apr 2026

Geir Inge Lien
Geir Inge Lien
Senterpartiet·Møre og Romsdal

SakMøte tirsdag den 28. april 2026 kl. 10

Innlegget

Eg måtte ta ordet etter at representanten Bård Hoksrud var framme og snakka om strekninga Mandal–Kristiansand. Det er òg eit prosjekt under Nye vegar som ikkje står ferdig, så det har nokolunde lik status. Men det er ikkje rett at Senterpartiet ikkje stemte for det prosjektet. Vi støtta faktisk forslag nr. 1 frå FrP den gongen, men vi støtta ikkje det lause forslaget. Vi støtta òg forslaget frå Høgre, som er likelydande med det som er fremja i dag, med lengre nedbetalingstid. Senterpartiet hadde eit eige forslag som kanskje var endå betre, som gjekk på 30 års nedbetalingstid med lokalpolitisk forankring. For oss i Senterpartiet er det utruleg viktig at det er samsvar mellom det ein får ferdig bygd, og det ein brukar på veg. Det er difor vi har denne saka i dag, der vi opplever at innbyggjarane i Trøndelag er svært skuffa over at ting ikkje står ferdig, og at dei betalar for ein veg som ikkje er ferdigstilt. Vi i Senterpartiet er ute etter å skape gode løysingar, få bygd vegar og gjere Noreg til eit godt land både å leve i og produsere varer i, og få god framvekst.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat