Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 28. apr 2026

Geir Inge Lien
Geir Inge Lien
Senterpartiet·Møre og Romsdal

SakMøte tirsdag den 28. april 2026 kl. 10

Innlegget

Trafikksikkerheit er eit grunnleggjande ansvar for samfunnet. For Senterpartiet står nullvisjonen om ingen drepne eller hardt skadde i trafikken fast. Han forpliktar oss til å stille strenge og rette krav til køyreevne og til å sikre at regelverket som gjeld, bidreg til trygg ferdsel på norske vegar. Men når folk mistar førarretten, er det eit svært alvorleg inngrep i kvardagen. For mange handlar førarkortet om moglegheita til å kome seg på jobb, følgje opp familien og delta i lokalsamfunnet. Difor er rettssikkerheita i slike saker avgjerande. Dei som vert råka, må ha tillit til at vurderingane som vert gjort, er rettferdige, individuelle og byggjer på eit solid grunnlag. Senterpartiet meiner det er avgjerande at metodane som vert brukte til å vurdere køyreevne, er fagleg forankra og kunnskapsbaserte. Spørsmåla om medisinske testar og vurderingsmetodar er komplekse og må utformast av fagmyndigheita. Slike vurderingar bør ikkje fastsetjast gjennom enkeltvedtak i Stortinget, men gjennom grundige prosessar, høyringar og faglege avvegingar som sikrar likebehandling og trafikksikkerheit over heile landet. Eg er glad for at statsråden signaliserer at dette arbeidet er godt i gang, men Senterpartiet er like utolmodige som Framstegspartiet. Difor støttar Senterpartiet forslag nr. 4. Det er eit tydeleg signal om at Stortinget forventar framdrift og handling, samtidig som det overlèt det faglege innhaldet til dei som har kompetansen. Me meiner dette er den rette balansen mellom politikk, ansvar og fagleg integritet. Dei som er råka av dagens regelverk, fortener å verte møtte med respekt, føreseielegheit og verdigheit, og dei fortener at arbeidet med forbetringar skjer i eit godt og riktig tempo.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat