Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
EØS-avtalen er i utgangspunktet ein udemokratisk avtale, der Noreg endar opp med å importera lover og reglar som har dårleg forankring i denne salen, og som neppe hadde blitt noko av viss utgangspunktet var kva som var norske behov og ein demokratisk samtale her i Noreg. Me endar altså med å importera ei rekkje lover og reglar som me mange gonger ikkje hadde kome på å vedta viss utgangspunktet hadde vore det norske demokratiet. Samtidig er det jo eit handlingsrom i EØS-avtalen som i prinsippet både tilhengjarar og motstandarar av avtalen bør vera einige om at me bør utnytta betre enn i dag. Det handlar jo kanskje i første rekkje om å prøva å påverka prosessane på eit tidlegare tidspunkt i EU før det blir fatta vedtak, og det får me heilt sikkert moglegheita til å diskutera i ein annan samanheng. Det pågår jo òg no eit arbeid om korleis òg Stortinget kan involverast i det påverknadsarbeidet på ein meir effektiv måte enn det blir gjort i dag. Dagens sak handlar derimot om å prøva å finna dei handlingsromma som òg er der etter at lovverket er vedteke i EU. Det er etter SV si meining òg viktig, for me må prøva å finna dei moglegheitene som er for å styrkja demokratiet her heime, og òg å finna moglegheiter til å tilpassa lovverket, så langt det lar seg gjera, til norske forhold. Då gjeld det å ikkje gje seg for tidleg eller å la vere å bruka det handlingsrommet som jo faktisk finst. SV er glad for at det er ein samla komité som i dag går inn for å gjera det til ein hovudregel å gjennomføra samanlikningar med korleis andre land, og då særleg dei nordiske, praktiserer EØS-relevant regelverk når dei sakene kjem til Stortinget. Det er bra. Samtidig ønskjer bl.a. SV å gå lenger. Med det tek eg opp dei forslaga som SV er med på.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
