Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 29. apr 2026

Erling Sande
Erling Sande
Senterpartiet·Sogn og Fjordane

SakMøte onsdag den 29. april 2026 kl. 10

Innlegget

Eg registrerer at statsråden i staden for å svare på spørsmålet angrip lokalpolitikarar rundt om i landet. Det er skuffande, for det å vere distriktsminister – slik var det i alle fall tidlegare – handlar nettopp om å ivareta det breie settet av verkemiddel for å skape gode lokalsamfunn rundt om i landet. Det er jo innlysande at det å auke prisane og vanskeleggjere forholda for folk og næringsliv gjennom eksempelvis høgare transportkostnader ikkje gjer det meir attraktivt å skape næring og busetje seg i norske distrikt. Oppfølgingsspørsmålet er: Vil det kome fleire angrep på desse viktige distriktspolitiske verkemidla som vi har, frå Arbeidarpartiet framover? Vil folk som no ser kva som skjer på Nordvestlandet og oppe i nord, som også har eit flytilbod som er svært viktig for dei, kunne forvente same auke i prisar, same nedbygging av tilbod, at ferjepolitikken blir svekt, osv.?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Erling Sande (Senterpartiet) — Replikk · 29. apr 2026 — OverStortinget