Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Nye tal frå SSB viser at det særleg er unge einslege og småbarnsfamiliar i byane som ber den tyngste byrda av dagens rentenivå i Noreg. For mange har bustad vorte den viktigaste familiepolitiske saka. Vi kan ikkje styre renta frå denne salen, men vi kan gjere det enklare å byggje fleire og billigare bustader. Allereie den 2. juni i fjor fekk departementet overlevert ei liste med 72 konkrete forslag til forenklingar frå byggjenæringa sjølv. Det er snart eitt år sidan. Likevel har næringa måtta vente, samtidig som bustadbygginga har stupt og krisa har forsterka seg. Kvifor har statsråden late byggjenæringa vente i nærmare eitt år på å få i gang nokre av desse tiltaka, og kvifor handlar regjeringa først no, når krisa allereie har sett seg i heile næringa?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
