Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Regjeringa står fast ved målet om 130 000 nye bustader innan 2030. Samtidig innrømmer statsråden at ein ligg bak skjemaet, sjølv etter at ein har begynt å inkludere ombygging av eksisterande bygg i måltalet. Dette framstår meir som å pynte på tala enn å få fart på faktisk ny bustadbygging. Samtidig viser statsråden til nokre lettingar frå dei 72 forslaga dei har fått, bl.a. om dagslyskrav og ventilasjon. Det er positivt, men det framstår gjerne som enkeltståande justeringar i eit regelverk som er langt større og meir kostnadsdrivande samanlikna med våre skandinaviske naboland. Meiner statsråden at slike grep er tilstrekkelege for å få fart på bustadbygginga og nå målet, eller erkjenner han at det trengst ein heilskapleg gjennomgang av TEK17 – at ein må få krava samla for å forenkle og klargjere regelverk, slik KrF no har føreslått i Stortinget?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
