Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Kommunalministeren, som er den femte i rekka i Støre-regjeringa, kan bli ståande. Eg skal òg stilla spørsmål om bustadbygging. Eg registrerer at statsråden har vorte kritisert for ikkje å ha gjort så masse i denne perioden. Han har stort sett utgreidd, sett ned utval og slikt. Noko har likevel denne regjeringa gjort – det skal eg ærleg innrømma – men det er ting som har gått i feil retning: Ein har bl.a. sagt at ein skal ha forbod mot nedbygging av myr. Det trekkjer i feil retning når det gjeld bustadbygging. Ein stiller krav om utsleppsfrie byggeplassar, noko som trekkjer kostnadane opp. Ein skal ha auka energikrav. Ein har i tillegg større statleg innblanding gjennom motsegner frå Statsforvaltaren. Fylkeskommunane har fått auka makt til å kunne stoppa, forlengja eller bruka god tid på planar. Så når det gjeld det som regjeringa har gjort, har det gått i feil retning med tanke på å leggja til rette for meir bustadbygging og å nå regjeringa sitt eige mål. Det som trekkjer i riktig retning, har ein vanskeleg for å innføra – ein skal utgreia og sjå nærmare på det. Det som har kome så langt, er ganske tannlaust. Det vil ikkje bidra til å gjera ting verken raskare eller meir effektivt. Me ventar framleis på konkrete forslag som faktisk vil verka, og som gjer at lokalpolitikarar rundt omkring i Noreg kan sjå at tempoet går opp når det gjeld å regulera og å sikra nok bustadar. Både statsråden og eg har lang erfaring som lokalpolitikarar, og me har stort sett alltid vore einige med alle lokalpolitikarar i at ting blir verre og verre når det gjeld arealpolitikk. Mitt spørsmål er ganske enkelt og greitt: Kva trur statsråden lokalpolitikarane tenkjer om denne statsråden og denne regjeringa? Opplever dei at ting blir betre eller vanskelegare når det gjeld arealpolitikk?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
