Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Eg registrerer at statsråden seier at lokaldemokratiet kan få lov til å meina noko om utsleppsfrie byggjeplassar, mens at når det gjeld nedbygging av myr, er det altså viktig at ein sit på eit kontor i Oslo og bestemmer over alle norske kommunar. Framstegspartiet har tillit til at lokalpolitikarane kan vega ulike omsyn – òg omsynet til natur – opp mot kvarandre i planlegginga. Me synest ikkje det er rett at staten skal overstyre politikken når det gjeld forbodet mot nedbygging av myr. Regjeringa har ikkje føreslått det enno, men dei har sendt ut rundskriv til kommunane om at dei må halda seg til noko som ikkje er vedteke, som om det er vedteke. Statsråden svarte ikkje på spørsmålet mitt om kva han skal gjera for å få ned byggjetida. Det er jo kjernen i dette. Plan- og bygningslova har for mange tunge prosessar. Staten er i tillegg sein med å avklara motsegner, og det blir ikkje betre. Sjølv om ein har eit motsegnsprosjekt, løftar ikkje dei som sit ute i statsforvaltarembeta, blikket og ser det store bildet. Dei ser på sin vesle sektor og fremjar motsegner og gjer det då vanskeleg for lokaldemokratiet. Når kjem det forslag som vil gjera det reelt sett betre?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
