Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 29. apr 2026

Helge André Njåstad
Helge André Njåstad
Fremskrittspartiet·Hordaland

SakMøte onsdag den 29. april 2026 kl. 10

Innlegget

No har statsråden brukt 2 minutt og 40 sekund på å fortelja kva regjeringa har tenkt å gjera med motsegnsprosjektet. Eg stilte ikkje spørsmål om kva regjeringa har tenkt å gjera med motsegnsprosjektet sitt, for det har statsråden brukt mykje taletid på før også. Eg spurde korleis statsråden forheld seg til at Stortinget og stortingsfleirtalet har gjort eit vedtak om motsegn. Det var det eg var oppteken av. Eg lurar på om statsråden har fått med seg at Stortinget har gjort eit vedtak. Kva gjer han for å følgja opp vedtaket Stortinget gjorde i denne sal?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Helge André Njåstad (Fremskrittspartiet) — Replikk · 29. apr 2026 — OverStortinget