Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 29. apr 2026

Helge André Njåstad
Helge André Njåstad
Fremskrittspartiet·Hordaland

SakMøte onsdag den 29. april 2026 kl. 10

Innlegget

Det høyrest nesten ut som om statsråden meiner Stortingets vedtak på ein måte ikkje er nødvendige, fordi regjeringa allereie har kloke tankar. Då kan eg jo seia at partia på Stortinget gjorde dette vedtaket fordi ein meiner terskelen ikkje ligg riktig. Det blir fremja for mange motsegn, det er for vanskeleg for lokaldemokratiet. Difor gjorde Stortinget eit vedtak om at det skal bli færre motsegn. Statsforvaltaren skal la lokalpolitikarane få lov til å planleggja meir enn dei har gjort. Det høyrest ikkje ut som at statsråden tek innover seg at eit fleirtal i denne salen har sagt noko om terskelen og vore veldig tydeleg, så eg kan gjenta spørsmålet: Vil statsråden retta seg etter det vedtaket Stortinget har gjort? Skal han fortsetja å snakka om sitt eige motsegnsprosjekt eller skal han ta omsyn til at denne salen faktisk òg bestemmer noko om korleis landet skal styrast?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat