Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 30. apr 2026

Erling Sande
Erling Sande
Senterpartiet·Sogn og Fjordane

SakMøte torsdag den 30. april 2026 kl. 10

Innlegget

Det forslaget vi har løfta til debatt i dag, ser ut til å bli stemt ned. Det synest eg er dumt, for den debatten som vi har hatt her, og replikkordvekslinga, har etterlate eit inntrykk av at dette er ei mykje større liberalisering enn det det eigentleg er. La me seie det heilt klart: Vi i Senterpartiet har stor respekt for synspunkt, òg i denne salen, der ein uttrykkjer uro for speleproblem, for at folk får problem med spel, anten det er i regi av Norsk Tipping eller i regi av andre aktørar. Vi har òg stor omtanke for dei som blir råka av det. Vi har frå Senterpartiets side ikkje vore ein stor pådrivar for liberalisering av norsk spelpolitikk, tvert imot har vi vore med og sett tydelege grenser gjennom fleire saker i denne salen, for å ramme inn dette og for nettopp å ta høgd for dei sårbare menneska som kan kome i problem grunna tap av pengar på spel. Vi har òg vore heilt tydelege i vår støtte til både einerettsmodellen og pengespellova. Samtidig er vi tilhengjarar av sunn fornuft, og bingo utgjer ikkje hovudproblemet av spelproblematikken, det utgjer ein liten del. I kontrast til ein god del nettspel som fører folk ut i store problem, der det gjerne knapt eksisterer avgrensingar og aktørane er utanlandske, er bingohallane ein sosial møteplass. Som representanten Trøen sa: Dei er kanskje ein av få sosiale møteplassar for mange menneske. I tillegg genererer dei inntekter til frivillige organisasjonar. Eg synest som sagt det er litt synd at dette er blitt til ein større debatt enn kva det eigentleg skulle ha blitt. Det handlar, som sagt av fleire her, om likebehandling, og det handlar om å finne eit system som både varetek det at det er mogleg å ha denne aktiviteten i dag, varetek dei frivillige organisasjonane og varetek dei menneska som er sårbare for spelproblematikk.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat