Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Dette er ein god dag. Noreg er blant dei landa i verda som har høgast deltaking i frivillig arbeid. Tusenvis av lokale lag og foreiningar skapar aktivitet, glede og inkludering i lokalsamfunna i heile det langstrakte landet vårt. Det er foreldre som står i kiosken på idrettsarrangement, det er eldsjeler som held liv i kulturhus og bygdelag, det er trenarar og instruktørar, og det er styremedlemer som brukar kveldar og helger på å skape aktivitet for andre. I mange lokalsamfunn representerer kanskje frivilligheita alt som er av lokalt kulturtilbod på små plassar. At vi har høg deltaking og stiller opp for kvarandre er noko av det flottaste med Noreg. Når vi snakkar om levande lokalsamfunn, er det nettopp her det kjem til uttrykk. Dette er Noreg på sitt beste. I lang tid har momskompensasjonsordninga vore viktig for frivillig sektor. Samtidig har det alltid vore ei usikkerheit der om ordninga skulle bli fullfinansiert også over tid. Difor har Senterpartiet fremja dette representantforslaget. At Stortinget no sluttar seg til forslaget om full regelstyrt momskompensasjon, er sjølvsagt gledeleg for oss, men fyrst og fremst – som fleire har vore inne på – handlar dette om alle dei som deltek i og heiar på frivilligheita i dette landet. Det har vore ein lang kamp. Eigentleg er det stortingsvedtaket vi fattar her i dag, litt historisk. Med full regelstyrt momskompensasjon er det òg ein klar bodskap frå denne salen: Vi heiar på frivilligheita og dugnadsinnsatsen. I ei tid der verda er prega av uro og usikkerheit, kan ein jo sitje og føle litt på avmakt, men kva kan vi gjere? Jo, vi kan byggje dei lokale fellesskapa. Det er i dei lokale fellesskapa ein ser frivilligheita blomstre i full blom. Det engasjerer over halvparten av befolkninga i landet. Det gjev oss enorme verdiar – sosialt, kulturelt og menneskeleg. Ei stor takk til alle dei som har stått på for å sikre frivilligheita full og regelstyrt momskompensasjon. Eg har sagt tidlegare at dei kan unne seg ein ekstra is på 17. mai, alle dei som har stått på, for no har vi klart det. Tusen, tusen takk!
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
