Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Dette er jo ein fin og gledeleg debatt. Eg håpar statsråden òg evnar å glede seg over replikantar frå FrP som aldri har prioritert dette området, som no er veldig entusiastiske for det. Det må vi evne å glede oss over. Statsråden viser til ein tidlegare partikollega av meg – eller noverande partikollega – Magnhild Meltveit Kleppa, som statsråden, slik eg oppfatta det, trudde ville ha anbefalt ei utgreiing, men eg trur at i denne saka er Meltveit Kleppa heilt klar: Dette er vi klare for å innføre. Eg trur statsråden er oppriktig i sitt engasjement for frivilligheita, og det er òg fleire Arbeidarparti-representantar i denne saka, så det er freistande å seie: Slepp Arbeidarparti-representantane fri, det er vår – så kunne ein jo stemme for å få eit endå breiare fleirtal bak dette. No skal eg forte meg å kome til spørsmålet, og det gjeld å sikra ei ubyråkratisk ordning: Trur statsråden at det er mogleg, og tenkjer statsråden å levere på ei enkel og ubyråkratisk regelstyrt momskompensasjon for frivillig sektor?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
