Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 30. apr 2026

Linda Monsen Merkesdal
Linda Monsen Merkesdal
Arbeiderpartiet·Hordaland

SakMøte torsdag den 30. april 2026 kl. 10

Innlegget

Eg vil oppfordra føregåande talar og leva etter eit bod frå ei bok som representanten sjølv vel å følgja. Det handlar om å elska sin neste. Det er eit godt råd i livet – å kunne elska sin neste. Transpersonar er ei lita gruppe i Noreg, men kanskje den gruppa flest føler dei har ein rett til å meina noko om. Me må snakka om konsekvensane av dette. Eg møtte ein person på eit arrangement. Hen var blitt litt lengre på det arrangementet enn planlagt. Det var blitt mørkt ute, og hen var livredd. Me var ein gjeng som blei ståande saman med denne personen. Familien måtte henta hen, og angsten i blikket til familiemedlemen sa meir enn tusen ord. Dette hadde dei opplevd før. Tenk deg at du kvar einaste gong du går ut, f.eks. går på jobb, blir møtt av blikk, blir mobba eller utsett for vald – kvar einaste dag, kvar einaste gong. Dette er ikkje enkelthendingar, dette er eit mønster. Me som sit i denne salen, er ikkje utan ansvar. Når politikarar bidreg til å latterleggjera menneske eller gjer livet deira til ein debattarena, får det konsekvensar også utanfor denne salen. Å bli bevisst feilkjønna og å bli omtala som noko ein ikkje er, er ikkje berre ord. Det er òg ei belastning som over tid bryt ned identiteten til eit menneske. Me veit kva det fører til: dårlegare psykisk helse, auka risiko for vald og overgrep og ein høg sjølvmordsstatistikk. Me ser ei utvikling: For ti år sidan var det pinleg å vera imot rettar til skeive, men no har det snudd. Det er legitimt å meina at rettane til skeive er opne for debatt. Det bør bekymra oss. Me har i dag heldigvis ei Arbeidarparti-regjering som jobbar med løysingar. Å løfta fram behovet for å styrkja psykisk helse og livskvalitet for personar som bryt med normer for kjønn og seksualitet, og å auka kompetansen når det gjeld seksuelt mangfald, i skular, i offentlege tenester, i politiet og i Forsvaret er viktig, men det held ikkje med tiltak aleine. Me i denne salen har eit ekstra ansvar for korleis me snakkar, og for kva slags samfunn me byggjer, for i eit samfunn der me meiner at alle skal stilla likt, må me òg tola ulikskaper.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat