Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 30. apr 2026

SakMøte torsdag den 30. april 2026 kl. 10
Innlegget
Marius Langballe Dalin (MDG) [13:39:44] (ordførar for saka): Innvandring kan gje betydelege utfordringar, som når enkelte innvandrarar gjer seg skuldige i grov kriminalitet. Innvandring kan også vere av stor verdi for samfunnet – i ein situasjon der vi treng kompetent arbeidskraft, og i ei tid der kunnskap om resten av verda er viktigare enn på mange generasjonar. Eg viser til statsrådens brev, der det går tydeleg fram at det ikkje manglar lovheimlar for å utvise innvandrarar om dei gjer seg skuldige i vesentleg kriminalitet, anten dei manglar opphaldsløyve, har midlertidig opphaldsløyve eller har fått permanent opphald. Det er også brei politisk einigheit om at utlendingar som gjer seg skuldige i alvorleg kriminalitet, skal kunne utvisast, så lenge det ikkje kan føre til nedverdigande eller umenneskeleg behandling eller vil vere uforholdsmessig overfor utlendingen sjølv. Ingen ønskjer at vi skal behalde innvandrarar som primært kjem hit for å drive kriminell verksemd. Samtidig er verkelegheita slik at det overveldande fleirtalet av innvandrarar kjem her med gode hensikter. Dei vil bidra i samfunnet og skape moglegheiter for seg sjølv og andre. Dei talrike heiderlege innvandrerne vi har blant oss, tapar dobbelt på om vi ikkje bryr oss om grov kriminalitet, spesielt dei som ikkje er blendakvite, som mange av oss her. Ikkje berre risikerer dei å bli ofre for kriminalitet slik som oss. Dei blir i tillegg uthengde som potensielle kriminelle. Det kviler eit tungt ansvar på oss som politikarar at vi ikkje bidrar til den stigmatiseringa. MDG er opptekne av at vi tek dei menneskerettslege forpliktingane våre på største alvor. Difor kan ikkje alle med ein dom bli utviste. Det må vere eit visst alvor i det straffbare forholdet før det er forholdsmessig å utvise, og det må vere eit land å utvise til, der den det gjeld, ikkje risikerer å bli utsett for tortur eller avretting. Verkelegheita er nemleg slik at det ikkje står tredjeland i kø for å ta imot kriminelle som ikkje kan returnerast. Dette er prøvd mange gonger før. Vi veit at nokre av dei sterkaste drivarane for kriminalitet er fattigdom og dårlege sosiale kår. Då er det viktig at vi legg til rette for at ein kan vere i aktivitet, få seg jobb og bidra i samfunnet. Vi må sørgje for god integrering, med norskopplæring og tydelege forventningar, og bidra til at dei får moglegheiter dei kan gripe fatt i. Vi må også sørgje for ein god fordelingspolitikk. Eg registrerer at skeivskapen i formue ser ut til å auke. Det må vi gjere noko med. Eg minner også om at vi per i dag er avhengige av innvandring for å få nok arbeidskraft. Mange av våre ikkje-vestlege innvandrarar tek jobbar få nordmenn er interesserte i. Dei er sånn sett ein viktig ressurs som betyr langt meir for Noreg enn lønnsnivået skulle tilseie. Til slutt vil eg oppfordre alle her i salen til å vise respekt for innvandrarane våre i debatten. Dei har ikkje fortent å bli uthengde som kriminelle. Det tapar vi på som samfunn.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat