Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 5. mai 2026

Frank Edvard Sve
Frank Edvard Sve
Fremskrittspartiet·Møre og Romsdal

SakMøte tirsdag den 5. mai 2026 kl. 10

Innlegget

I 2022 vart Nordøyveg-prosjektet kåra til Årets anlegg. Det var det mest spektakulære, det best gjennomførde og også det økonomisk beste prosjektet det året i heile Noreg, av alle byggeprosjekt. Det er ikkje rart at det prosjektet fekk den prisen, rett og slett fordi at når ein var ferdig med bygginga, gjekk det med mindreforbruk. Når vi fekk inn Deloitte – som elles har hatt ein sentral posisjon i Noregs Bank i mange, mange år – som laga ein rapport som synte at fylkeskommunen faktisk sparte 40 mill. kr i året ved å byggje prosjektet kontra framleis ferje, var det ikkje rart at ein fekk prisen. Det er realiteten. Storsamfunnet, om det er kommune, fylke eller stat, det speler inga rolle – det er denne salen, Stortinget, som finansierer også fylkeskommunane. Med det prosjektet der sparar ein altså 40 mill. kr i året kontra det å innføre nullutsleppsferjer og dei krava som ligg til ferjedrift i dag. Det er eit faktum. Det er også det einaste prosjektet eg kjem på i farta der Framstegspartiet har stemt for bompengar, rett og slett fordi prosjektet hadde folkeavstemming med alle innbyggjarane på øyane og alt næringsliv, der dei sa ja til bompengar med ferjeprisen pluss 40 pst. Det vart noko heilt anna i dei bompengeproposisjonane som kom til Stortinget, der det no altså er Noregs desidert dyraste bompengeprosjekt, med 186 kr per passering. Det er ingen over, ingen ved sida av – Nordøyvegen er det dyraste. Eg er klar over at det er eit fylkesvegprosjekt, men grunnlaget er at det er denne salen som har vedteke ein bompengeproposisjon som ikkje er hauka noko som helst. Den er Noregs desidert dyraste, og det kan vi rett og slett ikkje fortsetje med. Vi må ha ein kontakt med eigaren, som er fylkeskommunen, men det er staten som finansierer det, og det er denne salen som vedtek bompengeproposisjonane. Då må vi ha ei endring som får ned taket på passeringar, som gjer at iallfall lokalbefolkninga ikkje får den belastinga som er i dag. I dag er det mange familiar der ute som betalar snart 6 000 kr i månaden for éin bil. Mange av dei har to bilar, og då skjønar de at dei betalar meir enn husutgiftene sine på å kome seg til fastlandet. Det er totalt umogleg å gjennomføre. Soleis har vi fremja denne saka saman med Høgre og KrF og håpar det vert fleirtal for å setje ned taket på bompengebelastinga i det området. Bompengetakstane for næringslivet må òg setjast ned, slik at det er i tråd med andre bompengeprosjekt i Noreg og kan bli i tråd med det innbyggjarane og næringslivet faktisk stemte ja til.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat