Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 5. mai 2026

Frank Edvard Sve
Frank Edvard Sve
Fremskrittspartiet·Møre og Romsdal

SakMøte tirsdag den 5. mai 2026 kl. 10

Innlegget

Ein kan velje å vere meir katolsk enn paven – det er det fullt mogleg å vere – men denne saka er heilt spesiell. Regjeringa innførte altså gratisferje til alle øysamfunn for å ta ned belastninga som det å ha ferje er for desse øysamfunna. Samtidig vil ein ikkje gjere noko med finansieringa av Nordøyvegen. Når ein innfører gratis ferje for alle andre øysamfunn, tek staten heile ferjekostnaden – både billettinntektene til fylkeskommunane og underskotsdekninga i kontraktane. Det synest staten det er heilt ok å gjere for alle øysamfunna i Noreg. Men å gjere noko med det dyraste bompengeprosjektet i Noreg, Nordøyvegen, som fell mellom to stolar rett før det vart innført, seier samferdselsministeren er heilt umogleg. Det går ikkje – då er det berre ansvaret til fylkeskommunen. Men kven er det som finansierer fylkeskommunen? Det er det staten som gjer – gjennom overføringar og skatteinntekter, sjølvsagt. Poenget er: Dette er eit heilt spesielt prosjekt i så måte. Det er også eit faktum at trafikkgrunnlaget har auka betydeleg i dette prosjektet. Dersom ein set ned passeringstaket, vil trafikken auke betydeleg vidare. Det er ingen ting som tyder på at ein vil ha økonomiske problem med å finansiere dette prosjektet. Ein får i dag inn mykje meir pengar enn det som låg til grunn i bompengeproposisjonen. Dette har vist seg i alle prosjekt: Når ein tek ned satsane, aukar trafikken ytterlegare. Ergo er det ganske sannsynleg at dette ikkje vil ha nokon økonomiske konsekvensar i det heile for den norske staten. Det skulle brått berre mangle at staten årleg bladde opp nokre kroner i tilskot. Ein kan gjerne seie at fylkeskommunane har store overskot, men det er jo ikkje sånn. I overskotet til Møre og Romsdal ligg både tunnelsikkerheitsforskrifta og rassikring inne, noko som gjer at halve overskotet plutseleg er vekke. Så er overføringane internt vekke, noko som gjer at det er knapt 100 mill. kr i overskot i det fylket. Så fylkeskommunen er definitivt ikkje noka gullgruve. Dette dreier seg om å ha eit spleiselag mellom stat og fylke som gjer at det kan verte leveleg for innbyggjarane i eit øysamfunn som har falle mellom to stolar, og som har fått den høgaste bompengebelastninga i Noreg, mens andre øyer i Noreg har fått gratis ferje. Det er så urettferdig som det går an å verte. Difor må den tilrådinga som vi står bak i denne saka, kunne få fleirtal. Vi ber fylkeskommunen sjå på dette. Vi er klare til å gjere eit nytt vedtak i Stortinget for ein ny proposisjon, dersom fylkeskommunen følgjer det opp. Eg tek nok ikkje mykje feil om eg trur at fylkeskommunen kjem til seie ja.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat