Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 5. mai 2026

Frank Edvard Sve
Frank Edvard Sve
Fremskrittspartiet·Møre og Romsdal

SakMøte tirsdag den 5. mai 2026 kl. 10

Innlegget

Å ta innbyggjarane på alvor er å lytte til folkerøystinga i dette området, som var samrøystes, både innbyggjarane og næringslivet, om bompengenivå. Det raud-grøne styret i fylkeskommunen den gongen sende oppmoding om ein ny bompengeproposisjon til Stortinget, som meir enn dobla bompengesatsane. No er det eit borgarleg styre i Møre og Romsdal fylke. Det er ikkje vits i for Møre og Romsdal fylke å sende oppmoding om ein ny bompengeproposisjon viss vi ikkje veit at det er eit fleirtal i Stortinget for å seie ja til vår oppmoding. Difor er det så utruleg viktig at Senterpartiet signaliserer det gjennom å støtte vårt forslag. Då kan vi sende ei oppmoding om ny bompengeproposisjon frå fylkeskommunen. Utan det er det ikkje nokon vits – då får vi ikkje fleirtal i Stortinget, for då vil det vere eit raud-grønt fleirtal for å seie nei. Difor oppmodar vi – og håpar at Senterpartiet støttar det, for utan det ingen bompengeproposisjon.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Frank Edvard Sve (Fremskrittspartiet) — Innlegg · 5. mai 2026 — OverStortinget